Details

  • Last Online: 8 days ago
  • Gender: Male
  • Location: Norway
  • Total Edits: 0
  • Birthday: February 07
  • Roles:
  • Join Date: August 29, 2018

7dnesellevoll

Norway

7dnesellevoll

Norway
Completed
Haru ga Kita
0 people found this review helpful

by 7dnesellevoll

Jun 9, 2019
5 of 5 episodes seen
Completed
Overall 7.5
Story 9.0
Acting/Cast 7.0
Music 8.0
Rewatch Value 7.0
Serien er ganske gripande i måten den fortelje oss om konfliktane innanfor livet til hovudpersonane, ilag med støtteskodespelarane sine. Og det er akkurat dette, som eg personleg fant så bra med denne serien. Akkurat forteljingane/hendingane som skjer eller har skjedd til karakterane i serien. Viss det ikkje hadde vore for dei enormt sterke forteljingane/hendingane, ville eg truleg ha mista interessa for serien allereie etter ein episode, men dei er der. Dette er grunnen til at du burde sjå denne serien, og viss du er fan av EXO eller K-pop så er det vell berre eit pluss at Kai spelar den mannlege hovudrolla.

Skodespelinga frå karakterane er grei, men det er absolutt ikkje den sterke sida av serien. Det varierer litt gjennom episodane og frå dei forskjellege skodespelarane, kor godt skodespelet kjem fram. Men, det er aldri rett og slett dårleg, med unntak av at Kai ikkje snakkar flytande japansk, men han gjer ein ganske god jobb med dette i baktankane.

Musikken i denne serien er ikkje ein sånn WOW denne skal eg laste ned på Spotify og høyre på heile tida, men den passer perfekt med senane og atmosfæren og sjølv om det ikkje er noko eg vil laste ned, så er det utruleg fint å høyre på.

Å sjå serien igjen, er ein god moglegheit, og eg trur eg ville likt å sjå den igjen også. Men, sidan eg ikkje har gjort det, så veit eg ikkje kor god den vil vere neste gang. Den er likevel ein serie eg ser for meg er mogleg å nyte fleire gangar.
Was this review helpful to you?